Vi vandrer videre for en rettferdig klimapolitikk

Å gå for andre

Postet 21/06/18

På verdas flyktningedag vandrar vi i solidaritet med dei som flyktar fra krig og klimaendringar.

Den 20. juni er FNs Internasjonale Flykningedag. I fjor tok Øvre Telemark prosti til å markere denne dagen. I år var staden Evju Bygdetun i Sauherad. 

Seksti menneske frå mange nasjonar og mange stader (Vinje, Seljord, Kviteseid, Bø, Sauherad og Tinn) samla seg for å høyre appell frå Ragnhild Toyomasu frå Kirkens Nødhjelp.

Den siste FN statistikken fortel om 68 millionar menneske på flukt. Mykje skuldast krig, men det er og ei tydeleg auka grunna klimaendringane. Difor var dagen også et Klimapilegrimarrangement. Ei slik vandringa endrar ikkje situasjonen for verdas flykningar, men det gjer kan hende noko med dei som går!

Dagen vart avslutta med ei pilegrimsvandring mot Nes kyrkje, og ein orgelkonsert over dagens tema ved Bruno Hagemann. 

Her kan du finne tips til andre klimapilegrimsaktivitetar. Du kan også registrere eit arrangement.

Foto: Håvard Bjelland - Kirkens Nødhjelp

/
© Klimapilegrim 2015 — 2024